SSB-logo-250x100

Vil du  jobbe med datainnsamling frå næringslivet? Avdeling for metodeutvikling og datainnsamling, Statistisk sentralbyrå



Om stillinga

Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvar for å gjennomføre datainnsamling frå næringslivet, med vekt på tenester på Altinn-plattforma. Vi søkjer to nye medarbeidarar som skal bidra med planlegging av - og kontinuerleg forbetring og utvikling av SSB sine datainnsamlingar. Framover vil det vere eit større behov for å utvikle datafangstdesign for ulike typar foreliggjande data i kombinasjon med utvalsundersøkingar. Moderniseringa av Altinn gir rom for å utvikle nye innsamlingsdesign.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
12.05.2025
Arbeidsgivar:
Statistisk sentralbyrå
Stad:
Kongsvinger
Stillingstittel:
Førstekonsulent/rådgivar/ seniorrådgivar
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for å planleggje og leie gjennomføring av spørjeundersøkingar. 
  • Arbeidet omfattar utvikling av SSBs datainnsamlingar gjennom planlegging, samarbeid med oppdragsgivarar internt og eksternt, skjemautforming, oppfølging og kvalitetssikring av datafangsten, og dessutan prosjektstyring, rapportering og dokumentasjon
  • Koordinere samarbeidet med eigarar av administrative data
  • Delta i eit team som yter støtte ved utvikling av maskin-til-maskin datainnsamlingsløyningsr. Dette omfattar å rettleie i tekniske val, hjelpe til i dialogen med dataleverandørar og sørgje for at løysingar  blir bygd på ein berekraftig og gjenbrukbar måte..

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på mastergradsnivå, til dømes innan samfunnsvitskap
  • Gode IT kunnskapar og interesse for/erfaring med programmering, til dømes i Python og/eller R
  • Erfaring med å samle inn data er ønskjeleg, alternativt erfaring frå statistikkproduksjon
  • Team- og prosjektleiarerfaring og/eller erfaring med smidig metodikk er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner
  • Har evne til å ta initiativ og motivere andre
  • Kunne organisere og leie medarbeidarar i arbeidsteam
  • Systematisk, analytisk og leveringsdyktig på eigenhand og saman med andre
  • Utadvendt, omgjengeleg og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har stor tillit hos befolkninga og blant avgjerdstakarar, og som medarbeidar i SSB blir du del av eit stort fagmiljø
  • Gode moglegheiter for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsettprogram, årleg hackathon og arenaer for fagleg deling på tvers
  • Stilling som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspenn p.t. kr 524 000 - 759 100. Stillingskode og lønn blir fastsett ut frå kvalifikasjonane dine. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Fleksitid, betalt overtid og sommartid i perioden 15. mai til og med 14. september
  • Godt miljø også utanom arbeidstid, med idrettstilbod og ulike sosiale aktivitetar. Du kan trene éin time i veka i arbeidstid, med treningsrom i kontorlokala
    Medlemskap i Statens pensjonskasse, som betyr at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår
  • Arbeidsplass i SSB sine lokale i nytt bygg ved Kongsvinger stasjon

    Verd å merke seg:
  • For at vi skal best mogleg skal kunne vurdere søknaden din treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osb.). For kandidatar som vi vurderer å tilsetje kan vi utføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon. 
  • Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste, som kan bli gjort tilgjengeleg for dei som ber om innsyn i lista. Det er mogleg å få unntak frå denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer unntak.  Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
  • SSB skal vere ein god stad å jobbe for alle, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidsoppgåvene. SSB jobbar for ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av personar med innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing og/eller mellombels fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Viss dette gjeld deg, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging vil vi strekkje oss langt for å komme behovet ditt i møte.


Adresse: Jernbaneplassen 6, 2211 Kongsvinger, Norge


Kontaktinformasjon

Roger Jensen
Roger Jensen
seksjonssjef
Kristin Halland
Kristin Halland
Seniorrådgiver

Om arbeidsgivaren

Statistisk sentralbyrå - tal som fortel

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forsking og analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlag for det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder.

 

SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, også internasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motiverte medarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.


Jernbaneplassen dronebilde