Vil du bli vår nye avdelingsdirektør?
Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: Å sikre at varene som kryssar Noreg sine grenser er trygge og lovlege.
I løpet av ein heilt vanleg måndag vert store mengder varer frakta over grensa. Dei kjem med fly, med båtar, med bilar og lastebilar frå heile verda, før dei held fram ferda si ut til næringsliv og privatpersonar. Kvar dag kontrollerer vi varer, køyretøy, båtar, privatpersonar og bagasje, for å sikre at varene som kryssar grensa fyller krava i norske og internasjonale lover og reglar. Slik vernar vi Noreg, næringslivet og folka som bur her.
Vi trur næringslivet og folk flest ynskjer å gjere rett, og vi ynskjer å bidra til at det er enkelt. Men for å sikre etterleving både kontrollerer og sanksjonerar vi. Norsk næringsliv og internasjonal handel treng ein kompetent og effektiv tolletat for å sikre rettferdig konkurranse og like høve til vekst.
Vareførselsdivisjonen er under endring og vi skor oss for å møte framtida med auka digitalisering, effektive prosessar for næringslivet og bruk av ulike verkemiddel for å sikre etterleving. Vi søkjer no avdelingsdirektør til vår nye avdeling for brukardialog og tollbehandling og vi søkjer deg som vert motivert av samfunnsoppdraget, kan vise veg framover på denne endringsreisa og vil bygge for framtida.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Avdelingsdirektør er ansvarleg for målretta objektutvelging og effektiv oppfølging, rettleiing og dialog i den registrerte vareførselen før og ved grensepassering. Avdelinga skal bidra til etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel gjennom tverrfagleg samarbeid om heilheitleg verkemiddelbruk.
Som leiar har du fag-, personal- og resultatansvar. Avdelinga har om lag 120 medarbeidarar fordelt på 7 seksjonar med kontorstadar i Oslo, Bergen, Kongsvinger og Svinesund. Du har personalansvar for 7 leiarar, som utgjer leiargruppa til avdeling for brukerdialog og tollbehandling. Du vil rapportere til divisjonsdirektør og inngår i divisjonen si leiargruppe. Du må vere budd på å reise kringom til lokasjonane og til divisjonsleiarmøte i Bergen.
Kvalifikasjonskrav:
- fullført relevant mastergrad. Bachelorgrad med relevant fagkrins kan erstatte kravet om mastergrad. I særlege tilfelle kan fullført tollfagelg utdanning erstatte kravet om master- eller bachelorgrad
- særleg relevant leiarerfaring, helst frå ei større verksemd i digital endring
- erfaring med å leie strategi- og utviklingsarbeid, med dokumenterte resultat frå større
endrings- og forbetringsprosjekt - god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både norsk og engelsk
I tillegg har du gjerne kunnskap om:
- heilskapleg verkemiddelbruk i arbeidet med etterleving
- næringslivet sine varereiser
Vi søkjer deg som:
- er trygg i leiarrolla, og bidreg aktivt til utvikling av avdelinga og leiargruppa i divisjonen
- har god strategisk forståing
- er nyfiken og utviklingsorientert
- kommuniserer ope og tydeleg, og lukkast med å byggje tverrfaglege relasjonar
Vi tilbyr:
- moglegheit til å utvikle ei ny avdeling, med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar
- løn ut frå kvalifikasjonar og erfaring i stillingskode som avdelingsdirektør kr 950.000-1.150.000. For svært godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse, www.spk.no.
- fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for bevegelse i arbeidstida
- arbeidsstad er på Helsfyr i Oslo
Tolletaten sin leiarplakat kommuniserer leiarprinsipp som er retningsgjevande for våre leiarar. Som leiar i Tolletaten er det nødvendig at du løfter blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Du må ha høg integritet og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø i tillegg til å vere mål-, resultat- og utviklingsorientert.
Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før eventuell tilsetjing, jf. vareførselslova § 1-4. Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/ NATO SECRET.
For nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal på tlf. 95 81 16 72.
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Informasjon på et øyeblikk
