Om stillinga
Om du har lyst på ein jobb som kombinerer dagleg dokumentasjonsforvaltning med faglege utfordringar, då er denne jobben for deg. Nyutdanna blir oppmoda til å søkje.
Energidepartementet (ED) søkjer ein ny fast medarbeidar som er motivert for å jobbe med dokumentasjonsforvaltning. Stillinga høyrer heime i Seksjon for informasjonsforvaltning og fellestenester, som har ansvar for informasjons- og dokumentasjonsforvaltninga i ED. Vi er ni personar i seksjonen, kor det er eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har spennande og utfordrande oppgåver rundt drift av det elektroniske saksbehandlings- og arkivsystemet Acos WebSak. Ansvaret for intranettet, sikkerheitsarbeidet, koordinering av digitaliserings- og samfunnstryggleiksarbeidet og arbeidet med effektivisering av interne arbeidsprosessar ligg også til seksjonen. Dokumentasjonshandteringa er ein viktig del av departementet sitt virke. I denne stillinga vil du også vere med på å forme informasjonsforvaltninga for departementa.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som har interesse og motivasjon for å jobbe med dagleg drift, og som kan yte service og brukarstøtte til dei tilsette i departementet.
Er du interessert i kompetansebygging innan fagfeltet, så er dette staden for deg! Du får ein spanande arbeidskvardag i eit departement med korte beslutningslinjer, og kor mykje skjer innanfor dei ulike fagområda. Her vil du trivast særleg godt dersom du liker å jobbe strukturert og har sansen for nøyaktigheit – kvalitetar som ikkje berre blir verdsett, men som er sentrale for å lukkast og utvikle seg hjå oss.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i den daglege drifta av dokumentforvaltninga, under dette journalføring, kvalitetssikring, innsynshandtering og andre daglege arkivoppgåver
- Brukarstøtte på WebSak til saksbehandlarane våre
- Handtering av graderte arkiv
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil kunne justerast i tråd med den tilsette sin kompetanse, erfaring og/eller seksjonens behov.
Kvalifikasjonskrav
I denne stillinga er det krav om:
- Fullført relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, fortrinnsvis innan arkiv-, biblioteks- og/eller dokumentasjonsvitskap. Særleg relevant erfaring frå arkiv i offentleg sektor kan kompensere for manglande utdanning.
- Gode kommunikasjonsevner i norsk skriftleg og munnleg, og god forståing av engelsk
- God digital kompetanse og ferdigheiter, og interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy og system
Nyutdanna må ha fullført utdanninga si seinast i byrjinga av hausten 2026. Dokumentasjon på bestått utdanning er en forutsetning for å kunne tiltre stillingen.
For rådgjevar/seniorrådgjevar er det i tillegg eit krav om relevant erfaring.
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- relevant erfaring med saksbehandlingsverktøy
- kunnskapar om dokumentasjonsforvalting i offentleg verksemd
- kunnskapar om relevant regelverk, som offentleg- og arkivlov
Personlege eigenskapar
For å lukkast i denne stillinga er det viktig at du:
- er god til å samarbeide, er serviceinnstilt og kommuniser godt med ulike typar tilsette
- evner å arbeide sjølvstendig og har fokus på effektivitet
- arbeider strukturert, er nøyaktig og kan sjå dei små detaljane i arbeidet
- forstår kor viktig god dokumentasjonsforvaltning er i ein organisasjon
- tar initiativ, og er nysgjerrig med eit framtidsretta blikk på arkiv- og dokumentasjonsforvaltning
Vi vil legge stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Kvardagen i departementet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, og vil gi deg rask utvikling av kompetanse. Vi har fleksibel arbeidstid, lønna overtid og god pensjonsordning.
Stillinga blir lønna med ei årsløn frå kr. 540 000 – 850 000 ut frå kvalifikasjonar.
Generell informasjon
Søknad: Vitnemål, karakterutskrifter og relevante attester må leggast ved søknaden.
Søkarliste: Opplysningar om søkarane kan offentleggjerast sjølv om du har bedt om å bli unntatt frå søkarlista, i samsvar med offentleglova § 2.
Bakgrunnssjekk og klarering: Vi utfører bakgrunnssjekk på kandidaten som skal tilsettast. Tilsetting føreset at denne blir godkjend. Den som blir tilsett må kunne tryggleiksklarerast etter tryggingslova.
Mangfold og inkludering: Energidepartementet meiner inkludering og mangfald er ein styrke, og ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjon, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre endå betre.
Skriftspråk: Bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk. Som offentleg verksemd skal Energidepartementet ha nødvendig kompetanse til å bruke begge målformene. Det er viktig at medarbeidarane våre kan bidra til dette
Du kan lese meir om rekrutteringsprosessen vår og korleis det er å jobbe i Energidepartementet på www.jobbienergidepartementet.no
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Håkon Johnsen på 915 44 262 eller Hakon.Johnsen@ed.dep.no. For spørsmål knytt til rekrutteringsprosessen kan du kontakte rekrutteringsrådgjevar i DSS, på Asseline-Benjaminson.Grindheim@dss.dep.no.
Energidepartementet
Hovudoppgåva til Energidepartementet er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk.
Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
Spørsmål om stillinga
Håkon Johnsen
Avdelingsdirektør
+4791544262
Hakon.Johnsen@ed.dep.no
Asseline B. Grindheim
Rekrutteringsrådgjevar
Asseline-Benjaminson.Grindheim@dss.dep.no
