Energidepartementet søkjer nye medarbeidarar til avdeling for klima, industri og teknologi

Avdelinga har ansvar for sentrale område innan energi- og klimapolitikken. Vi følgjer mellom anna opp utviklinga av politikk og verkemiddel for havvind, hydrogen, CO₂-handtering, forsking og teknologiutvikling på energifeltet, leverandørindustri, internasjonalt samarbeid og miljø- og klimapolitikk for petroleums- og energiverksemd. Vi har ledige stillingar i fleire av seksjonane i avdelinga.

Om stillingane

Til seksjon for forsking, leverandørindustri og internasjonalt samarbeid søkjer vi no ein rådgjevar/seniorrådgjevar til ei fast stilling, og ein førstekonsulent/rådgjevar til eit vikariat med varigheit på eitt år.

Du får moglegheita til å starte i ei av to spanande roller der du vil arbeide med heile breidda av energinæringane i spennet frå forsking og utvikling til næringsfremjing og internasjonalt samarbeid. Målet er å bidra til auka verdiskaping og omstilling i energinæringane.

Seksjonen har ansvar for å følgje opp og vidareutvikle verkemiddel for forsking og teknologiutvikling, og for å leggje til rette for ein konkurransedyktig og berekraftig norskbasert leverandørindustri. Vi koordinerer ein stor del av departementet sitt internasjonale samarbeid og følgjer opp bilaterale og multilaterale samarbeidsavtalar og organisasjonar. Seksjonen har òg ansvar for arbeidet med internasjonalisering av næringane, mellom anna gjennom samarbeid med NORWEP og Team Norway.

Arbeidsoppgåver

I begge stillingane vil du få varierte og utfordrande oppgåver i breidda av seksjonen sitt ansvarsområde, mellom anna:

  • bidra til vidareutvikling og oppfølging av verkemidlar for forsking og teknologiutvikling
  • analyse og utvikling av politikk for norsk leverandørindustri
  • bidra til faglege innspel til andre departement sitt arbeid med å fremje norsk næringsliv
  • koordinering  og oppfølgjing av internasjonalt samarbeid og avtalar
  • bidra til strategisk arbeid med internasjonalisering av næringane
  • samarbeid med aktørar som NORWEP, Innovasjon Noreg og andre relevante institusjonar
  • saksbehandling, utgreiing, rådgiving og produksjon av talepunkt til politisk leiing
  • planleggje og ha ansvar for å gjennomføre reiser for politisk leiing

Kvalifikasjonar

Til begge stillingane ser vi etter deg som har:

  • relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan samfunnsøkonomi, men kandidatar med annan utdanningsbakgrunn kan òg søkje
  • god forståing og interesse for samanhengen mellom energi-, klima- og næringspolitikk, teknologiutvikling og internasjonalt samarbeid
  • svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • relevant erfaring (frå studiar, frivillig arbeid eller arbeidsliv) vil bli vektlagd

Til den faste stillinga som rådgivar/seniorrådgivar må du i tillegg ha relevant arbeidserfaring frå forvaltning, næringsliv eller internasjonale organisasjonar.

Autorisasjon
Tilsette i Energidepartementet må kunne autoriserast for tilgang til informasjon etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her (https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/rekrutteringsprosessen/). 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er effektiv og grundig, har gode analytiske evner og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • har gode samarbeidsevner og er flink til å halde kontakt og dialog på tvers av seksjonar, avdelingar og departementsfellesskap, og med næringa
  • likar å ha koordineringsansvar, og har evne til å planleggje og halde oversikt
  • trivst med ein travel kvardag, der oppgåver og prioriteringar raskt kan endre seg
  • er nysgjerrig og engasjert i samfunnsutvikling og internasjonale spørsmål

Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø.

Vidare får du:

  • Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar blir løna i spennet frå kr. 600 000 til 850 000. Denne stillinga er fast. Stillinga som førstekonsulent/rådgjevar blir løna i spennet frå kr 550 000 til 730 000. Denne stillinga er eit vikariat med varigheit på eitt år.
    Lønsplassering er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Som hovudregel krevst det 2 års erfaring for å bli vurdert som rådgjevar og 5 års erfaring for å bli vurdert som seniorrådgjevar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
  • moglegheit til å arbeide med viktige samfunnsspørsmål i eit departement med stort ansvar
  • gode utviklingsmoglegheiter og ein fleksibel arbeidskvardag

Generell informasjon

Søknad: Vitnemål, karakterutskrifter og relevante attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarliste: Etter at søknadsfristen er ute, vil det bli laga ei offentleg søkarliste. Søkjarar som ønskjer konfidensialitet, må grunngje dette særskilt. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om vedkomande har bedt om å bli utelaten frå søkarlista. Slike søkjarar vil i så fall få varsel før offentleggjering, slik at dei kan tilpasse seg.

Bakgrunnssjekk: Vi gjennomfører bakgrunnssjekk på alle kandidatar som blir tilsette i departementet. Tilsetjing føreset at denne blir godkjend.

Mangfold og inkludering: Energidepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv – for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Du kan lese meir om rekrutteringsprosessen vår og korleis det er å jobbe i Energidepartementet på www.jobbienergidepartementet.no 

Energidepartementet

Hovudoppgåva til Energidepartementet er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk.  

Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.

Spørsmål om stillinga

Anne-Mette Hilmen

Avdelingsdirektør

+4791192070

Anne-Mette.Hilmen@ed.dep.no

Øivind Johansen

Underdirektør

+4792433907

Oivind.Johansen@ed.dep.no