Er du samfunnsengasjert og oppteken av god kommunikasjon?
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. Tolletaten er i utvikling og har ein høg endringstakt, særleg innanfor digitalisering.

Vareførselsdivisjonen (VD), som er etablert med hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar. Divisjonen er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt. 

Brukardialogavdelinga har eit nasjonalt ansvar for brukardialogen til Tolletaten. Vi søkjer ein rådgivar til førebyggingsseksjonen som har interesse for kommunikasjon, og erfaring med innhaldsproduksjon og drift av nettsider

Sentrale arbeidsområde
Arbeidskvardagen din vil vere prega av samarbeid på tvers i organisasjonen. Du må kunne setje deg inn i kompleks og fagleg tematikk, og formidle dette på ein forståeleg måte i ulike kanalar.

Vidare vil du: 
•    forenkle, forbetre og vidareutvikle innhaldet i dei digitale brukartenestene til etaten, med eit særleg ansvar for toll.no
•    bruke kommunikasjon som verkemiddel både internt og eksternt
•    delta i prosjekt der du utviklar og følgjer opp kommunikasjonsplanar
•    tilpasse, målrette og publisere innhald i tråd med prinsippa for klarspråk

Organisasjonen er i endring, og det kan bli aktuelt med andre oppgåver og ansvarsområde. 

Kvalifikasjonskrav
•    relevant bachelorgrad er fullført
•    erfaring frå kommunikasjonsarbeid
•    erfaring med publisering av innhald i ulike publiseringsløysningar (CMC) 
•    du meistrar nynorsk som arbeidsspråk, og har kunnskap om og erfaring med klarspråksarbeid

Eigenskapane dine
Du har sterke kommunikasjonsferdigheiter og god evne til å formidle bodskap på ein enkel og forståeleg måte – både munnleg og skriftleg
•    du er aktivt oppsøkjande og har evne til å byggje tillit eksternt og internt
•    du viser initiativ og tek eit heilskapleg ansvar i arbeidet
•    du er nysgjerrig og open, og har evne til å gjere moglegheiter om til konkrete tiltak
•    du er mål- og resultatorientert, med god og dokumenterbar gjennomføringsevne

Vi tilbyr
•    ein dynamisk og tverrfagleg arbeidskvardag, med engasjerte kollegaer
•    arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag og gode høve til å utvikle seg 
•    ryddige pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
•    fleksibel arbeidstidsordning, med mulighet for bevegelse i arebidstiden en time per uke
•    moderne kontorlokale i Solheimsviken organisert i fagfellesskap, med tilgang til sykkelparkering, garderobar og ei godt driven kantine
•    lønn som rådgivar, kr 570 000 til 670 000, avhengig av kompetanse og erfaring

Vi kan vurdere ansettelse i redusert stilling for kandidater som har behov for tilrettelegging

Søknadsfrist: 02.11.2025
 
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef for førebyggingsseksjonen, Stig Løland, på telefon 414 49 986. 

Til deg som søker jobb i Tolletaten
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.

Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.