Er du ein leiar som ønskjer å jobbe med utvikling i ein seksjon med varierte oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag? 

Tolletaten søkjer seksjonssjef til tillatelseseksjonen i Kristiansand.

Tolletaten har ein ambisiøs verksemdsstrategi med fokus på utvikling og kontinuerleg forbetring. Vi bidreg til at det skal vere lett å gjere rett, og ved hjelp av etterretning, analyse og ny teknologi skal vi gjennomføre samfunnsoppdraget vårt.

Vareførselsdivisjonen (VD) er etablert med hovudkontor i Bergen og skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen jobbar med både førebygging og kontroll for å sikre etterleving av regelverket. 

Divisjonen er organisert i avdelingar etter fagområde. Tillatelsesseksjonen er ein av seks seksjonar i regelavdelinga. 

Seksjonen har nasjonalt fagansvar for området sitt og behandlar løyve, autorisasjonar og lettingar som næringsliv og private kan oppnå gjennom vareførsels- og tollavgiftsregelverket. Seksjonen har p.t. 13 tilsette og har som mål å levere tenester av høg fagleg kvalitet gjennom effektiv ressursbruk.
 
Sentrale arbeidsoppgåver
Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen administrativt og fagleg. Du rapporterer til avdelingsdirektøren (i Bergen) for regelavdelinga og er medlem av leiargruppa til regelavdelinga.

Du vil ha hovudansvar for oppgåvene som til kvar tid ligg til eininga. 

  • du vil ha personal- og leiaransvar for medarbeidarane i eininga, og du må kjenne til og nytte ressursane i personalgruppa best mogleg
  • du vil ha fag- og resultatansvar for alle oppgåver i eininga, og du må arbeide planmessig og tilretteleggjande for å sikre leveransar
  • du vil samarbeide med andre einingar internt i etaten og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar for å nå måla som er sette
  • undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det kan bli noko reising

Du har følgjande kvalifikasjonar

  • bachelorgrad innanfor relevante fagområde, men bestått fordjupingsnivå på Tolletatens kompetansesenter og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad
  • leiarerfaring som er relevant for å kunne utvikle seksjonen vidare
  • erfaring frå arbeid med fag- og resultatansvar
  • svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og kan nytte engelsk som arbeidsspråk

Det er ønskjeleg med

  • erfaring frå digitaliseringsarbeid
  • erfaring frå organisasjonsutvikling, forbetringsprosessar og automatisering

Vi søkjer deg som 

  • har god organisasjons- og heilskapsforståing 
  • kan vise til gode samarbeidsevner
  • er mål-, resultat- og utviklingsorientert
  • er trygg i di eiga rolle og på dine eigne leiareigenskapar
  • har evne til å prioritere mellom ulike leveransar

Leiarplakaten til Tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i Tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er ein god rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, er løysingsorientert og har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø. 

Vi kan tilby

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag 
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse 
  • arbeidsplass sentralt i Kristiansand 
  • lønn som seksjonssjef etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 759 100 til 870 900, avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)

Du må kunne levere tilfredsstillande utvida og uttømmande politiattest ved tilbud om tilsetting.

Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Inkludering og mangfald

I Tolletaten er vi opptekne av mangfald, og vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt best mogleg treng vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse og med ulike perspektiv. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.