Ønskjer du ei sentral rolle i utviklinga av gode framtidsretta digitale løysingar i ein etat med ein viktig samfunnsfunksjon?

Tolletaten søkjer etter ein seniorrådgivar til vareførselsdivisjonen – utviklingsstab

Tolletaten sitt samfunnsoppdrag er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Slik bidreg vi til å gjere Noreg til eit berekraftig, trygt og rettferdig land for innbyggjarane og næringslivet.

Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen.

Utviklingsstaben (VDU) skal støtte divisjonsdirektøren i rolla som prosess- og prosjekteigar og skal dessutan vere eit kompetansemiljø for prosjektleiing i divisjonen. VDU har ei sentral rolle i etaten sin kontinuerlege og omfattande innsats for å vidareutvikle digitale løysingar for grensepassering, informasjonsutveksling, deklarasjon o.a. Du må rekne med å bli involvert i alle arbeidsoppgåver som ligg til stabsfunksjonen.

Vi er i denne omgang interesserte i å rekruttere ein kandidat som vil vere prosjektleiar i forprosjektfasen «Framtidas tollbehandling».

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • planleggje og leie prosjekt
  • medverke i interne utviklingstiltak og bidra med kompetanseheving i prosjektleiarmiljøet
  • leggje til rette for tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • bidra med relevant leiarstøtte innanfor divisjonen i samband med planlegging og gjennomføring av innføringsprosjekt, endringsprosessar, gevinstrealisering og utvikling av styringsverktøy
  • rapportere til prosjekteigaren og utarbeide nødvendig avgjerdsgrunnlag

Kvalifikasjonar:

  • relevant mastergrad, eventuelt bachelor innanfor relevante fagområde kombinert med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om mastergrad
  • dokumenterbar erfaring frå relevant prosjektleiing – ein fordel med god kjennskap til formkrav i statens prosjektmodell
  • svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Det er ønskjeleg at du har erfaring frå:

  • utviklingsarbeid
  • innføring av digitale løysingar
  • utgreiingsarbeid
  • kontinuerleg forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Du er nytenkjande og initiativrik og blir motivert av å bidra til etableringa av framtidig beste praksis innanfor offentleg forvalting.
  • Du er analytisk og har evne til å setje deg raskt inn i nye problemstillingar og til å tenkje heilskapleg.
  • Du leverer med jamt høg kvalitet innanfor gitte tidsfristar og rammer, gjennom både å arbeide sjølvstendig og i teamarbeid.
  • Du har svært god rolleforståing og veit kva det inneber å fungere i ein stabsfunksjon.
  • Du er fleksibel og viser vilje til å ta på deg nye utfordringar og komplekse oppgåver.
  • Du evnar å identifisere nødvendige steg i ulike utgreiings- og utviklingsprosessar og ikkje minst ta ansvar for å strukturere dei og drive dei framover.

Vi tilbyr:

  • gode høve til utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer 
  • gode høve til å bidra i arbeidet med å optimalisere tollbehandlinga i Noreg
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad i Bergen (du må rekne med at det i periodar kan bli ein del reising)
  • lønn som seniorrådgivar, avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar, etter statens lønnsregulativ, kr 745 000–895 500 (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)

Dersom du har spørsmål knytt til stillinga er du velkommen til å ta kontakt med leiar for Utviklingsstab Kim Sperstad på 944 35 688

Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Inkludering og mangfald

I Tolletaten er vi opptekne av mangfald, og vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt best mogleg treng vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse og med ulike perspektiv. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.