Vil du jobbe med større utredninger og analyser?

Administrasjonsdivisjonen har ansvaret for verksemdsstyring og fellestenester i Tolletaten. Vi søkjer ein fagleg dyktig og særs skrivefør seniorrådgivar som vil støtte etaten i større utgreiingar og anna verksemdsutvikling.

Tolletaten har ein ambisiøs verksemdsstrategi som krev at vi kontinuerleg tilpassar og vidareutviklar oss. Som leiar for, eller bidragsytar i, endrings- og utviklingsprosjekt får du vere med og vidareutvikle korleis Tolletaten i større grad kan bruke fakta og analysar i verksemda si. Du vil arbeide tett saman med leiargruppa i etaten på prioriterte område.

Du har god organisasjonsforståing, evnar å setje deg inn i komplekse problemstillingar og skal bidra med juridiske vurderingar i samband med verksemdsutvikling og omstillingar. Du liker òg å drive fram omfattande vurderingar og kan utarbeide gode skriftlege produkt både åleine og saman med andre. Skriftleg framstillingsevne og gode analytiske ferdigheiter er nokre av styrkane dine. Du har dessutan interesse for å omsetje analysar og strategi til konkrete endringsforslag og gjennomføringsprosjekt.

Stillinga er nyoppretta og ligg i styringsavdelinga. Organiseringa av styringsfunksjonar i etaten er under utgreiing, så plasseringa av stillinga kan bli endra.

Arbeidsoppgåver:

  • utføre større utgreiingar og analysar åleine, som del av ei arbeidsgruppe eller som prosessleiar for ei arbeidsgruppe 
  • utarbeide avgjerdsgrunnlag og rapportar av høg kvalitet
  • vere prosjektleiar for ulike utviklingsprosjekt
  • bidra innanfor ansvarsområda til avdelinga

Kvalifikasjonar:

  • juridisk embetseksamen/ master i rettsvitenskap
  • svært god skriftleg framstillingsevne på norsk
  • erfaring med å gjennomføre og/eller leie større utgreiingsarbeid
  • erfaring frå organisasjonsutvikling
  • erfaring frå prosjektleiing
  • erfaring som prosessleiar
  • brei erfaring med styring i offentleg sektor

Relevant erfaring frå statlege etatar og/eller departement er ein fordel.

Forståing for samfunnsoppdraget til Tolletaten og korleis etaten er organisert, er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • du ser heilskap og samanhengar
  • du har svært gode samarbeidsevner og god organisasjonsforståing
  • du har svært god evne til å formidle kunnskap
  • du er strukturert og analytisk og har stor arbeidskapasitet
  • du er løysingsorientert og tilpassar deg ulike situasjonar og endringar
  • du er nysgjerrig, initiativrik og villig til å bidra også utanfor ditt eige ansvarsområde

 Vi tilbyr:

  • svært spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein stor etat med høge utviklingsambisjonar
  • varierte arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidstid og høve til å jobbe frå heimekontor inntil to dagar i veka, avhengig av arbeidsoppgåver
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, lønnsspenn frå kr 895 500 til 1 149 700 (ltr. 81-91)
  • arbeidsstad i Oslo sentrum

Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» ved tilbod om tilsetjing.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsdirektør Tommy Olsen på tlf. 932 83 768.

Les meir om å jobbe hos oss på jobb.toll.no.

Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Inkludering og mangfald

I Tolletaten er vi opptekne av mangfald, og vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt best mogleg treng vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse og med ulike perspektiv. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.