Koordinator for toll- og vareførselsrevisjon i Tolletaten
Tolletaten har ein ambisiøs verksemdsstrategi med fokus på utvikling og kontinuerleg forbetring. Vi bidreg til at det skal vere lett å gjere rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målretta.

Vareførselsdivisjonen, som er etablert med hovudkontor i Bergen, jobbar med både førebygging, kontroll og oppfølging for å sikre at regelverket blir etterlevd. Oppfølgingsavdelinga består av sju seksjonar (lokaliserte i Oslo, Drammen, Bergen, Kongsvinger og Tromsø) og har nasjonalt fagansvar for kontroll med inn- og utførsel av varer for næringsliv og privatpersonar.

Vareførselsdivisjonen er i ferd med å styrkje innsatsen sin på området toll- og vareførselsrevisjon, og den som blir tilsett, vil få ei sentral rolle i vidareutviklinga av fagområdet. Ei viktig oppgåve er å leggje til rette for godt samarbeid med einingar internt i etaten og med eksterne samarbeidspartnarar der det er relevant.

Vi søkjer ein koordinator for fagområdet toll- og vareførselsrevisjon i oppfølgingsavdelinga, og vi vil gjerne høyre frå deg som blir motivert av å bidra til best mogleg ressursbruk og godt samarbeid innanfor fagområda til avdelinga. 

Stillinga er plassert i seksjon Bergen og rapporterer direkte til avdelingsdirektøren i oppfølgingsavdelinga.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Koordinere innsatsen til avdelinga på fagområdet toll- og vareførselsrevisjon i samarbeid med leiargruppa
  • Bidra til å utarbeide kontrollplanar i tråd med prioriteringane til etaten og for best mogleg utnytting av ressursane
  • Utarbeide grunnlag for rapportering 
  • Vere eit av vareførselsdivisjonens kontaktpunkt mot etterretningsdivisjonen og vere med på å utarbeide beskrivingar av behov for etterretnings- og analysestøtte
  • Delta i arbeid med mottak og vurdering av etterretnings- og analyseprodukt for formålstenleg verkemiddelbruk i vareførselsdivisjonen
  • Delta i prosjekt- og utviklingsarbeid 

Det kan bli aktuelt å bidra til å løyse andre arbeidsoppgåver i tråd med satsingane og prioriteringane som ligg til avdelinga sitt ansvarsområde.
I periodar kan det vere aktuelt med undervisnings- og foredragsoppgåver, og du må rekne med noko reiseaktivitet.

Kvalifikasjonskrav: 

  • Fullført mastergrad innanfor relevant fagområde. Bachelor innanfor relevant fagområde kombinert med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om mastergrad. Bestått fordjupingsnivå på Tolletatens kompetansesenter og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om fullført master- eller bachelorgrad. 
  • Du må ha relevant arbeidserfaring.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av oppgåver på tvers av einingar er ein fordel.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring med kontroll- og rapporteringsarbeid frå offentleg verksemd.
  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi søkjer deg som

  • Har gjennomføringsevne, gode samarbeidseigenskapar og er løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide strukturert og mål- og resultatorientert
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Er initiativrik og nysgjerrig og blir motivert av å bidra til at oppgåver blir løyste på ein best mogleg måte
  • Er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr 

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Gode høve til utvikling i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Lønn som tolloverinspektør eller seniorrådgivar avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar, lønnsspenn frå kr 584 500 til kr 692 400. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstidsordning og tilbod om BiA (bevegelse i arbeidstidea)
  • Arbeidsstad i moderne lokale i Bergen (Solheimsviken)


Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.
Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Åge Skår på tlf. 976 99 792.

Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Mangfald og inkludering
Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.