Om stillinga

Vil du vere med og jobbe for eit godt og effektivt departementsfellesskap? Som førstekonsulent hos oss får du varierte oppgåver innan etatsstyring og budsjett, i kjernen av departementsfellesskapet. Her får du også bidra inn i arbeidet med sjølve utviklinga av fellestenestene til departementa, i ei tid der fleire departement flyttar inn, og blir samlokaliserte, i nytt regjeringskvartal. 

Seksjon for budsjett, etatsstyring og tryggleik består av ti tilsette, og har ei sentral rolle i styringa av fellestenestene til departementa. Akkurat no jobbar vi med ein ny strategi for departementsfellesskapen, og me jobbar samtidig med å utvikla fleire administrative tenester som skal forenkla kvardagen i departementa. Me ser etter deg som vil vere med på dette arbeidet, og som særleg vil jobba med delane av arbeidet som omhandlar etatsstyring og budsjett, under dette både budsjett for avdelinga og statsbudsjettet.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene i denne stillinga vil vere å delta i arbeidet med

  • etatsstyringa av dei underliggjande verksemdene våre DSS og DIO, og dessutan overordna styring og oppfølging av fellestenester/-funksjonar for departementa 
  • arbeidet til avdelinga inn mot statsbudsjettet
  • avdelinga sitt internbudsjett- og økonomi 
  • prosjektoppfølging 

Vi søkjer deg som har

Du må ha

  • relevant mastergrad eller tilsvarande
  • god rolleforståing og kjennskap til offentleg forvaltning
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 

Det er ønskjeleg at du har noko relevant erfaring frå, eller kunnskap om, oppgåvene til stillinga. Dette kan til dømes vere frå studiet, masteroppgåva, verv eller arbeid.   

Du som fullfører mastergraden din sommaren 2025 er velkommen som søkjar. Vitnemål må liggja føre ved tiltreding.

Personlege eigenskapar 

Vi ser etter deg som tek ansvar og initiativ, og sørgjer for framdrift i prosessar. Du vil ha dialog med kollegaer internt og samarbeidspartnarar eksternt, og me ser for oss at du kan ta ordet i møte og stå i meiningsutvekslingar. For å trivast og lykkast i denne rolla, ser vi for oss at du også har

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • evne til å handtera oppgåver med korte fristar 
  • god gjennomføringsevne
  •  analytiske evner, med interesse for å sjå ulike perspektiv 

Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt.  
Utdanning og erfaring med blir dokumentert med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr 

  • eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
  • ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar

Løn: Stilling blir lønt som førstekonsulent fra kr. 580 000 – 640 000 per år. Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. 

Sikkerhetsklarering: Tilsetjing skjer under føresetnad at søkjar blir sikkerhetsklarert på nivå HEMMELEG. Les meir om sikkerhetsklarering på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan.

Vi er opptekne av

Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Informasjon til deg som søkjer 

Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane dine og kompetansen du har, og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål, framfor å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykker på "Søk stillinga", kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn. 

I portalen er det viktig at du: 

  • Svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst. 
  • Fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for bl.a. å vareta kravet om fullstendige søkjarlister. 

DFD nyttar bakgrunnssjekk frå Semac i nokre av rekrutteringsprosessane våre. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke, og inneber bla at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.

Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Per Eigil Schwab på tlf. 481 21 447 eller e-post per-eigil.schwab@dfd.dep.no. For spørsmål om rekrutteringsprosessen, kan du ta kontakt med rådgjevar i DSS Tale Fredriksen på tlf. 90 84 37 73 eller e-post tale.fredriksen@dss.dep.no. 

Om oss 

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 180 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, statleg arbeidsgivarpolitikk, statleg bygg- og eigedomsforvaltning, det administrative ansvaret for statsforvaltarane og arbeid med berekraftsmål.

Avdeling for departementas fellesfunsksjoner (ADF) skal bidra til at departementsfellesskapen fungerer på ein god måte, mellom anna ved at departementa har formålstenlege lokale, godt tilrettelagt teknisk infrastruktur, og sikre og effektive administrative og digitale fellestenester med rett kvalitet.

Avdelinga har også ansvaret for førebyggjande objekt- og infrastrukturtryggleik for departementsbygningane (utanom SMK og FD sine lokale) og Regjeringas representasjonsanlegg. Avdelinga leier arbeidet med strategien for departementsfellesskapen. aAvdelingen har ansvaret for etableringa av Nytt Regjeringskvartal og Program Felles IKT. Avdelinga etatsstyrar Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og Departementenes digitaliseringsorganisasjon (DIO).